The Writings of Israel Shamir
Home
Arabic
Articles
French
Articles
Hungarian
Articles
Italian
Articles
Norwegian
Articles
Polish
Articles
Russian
Articles
Spanish
Articles
Turkish
Articles
Friends
and Foes
Talmud
Translated
Discussion Board
Feedback
Form
Picture Gallery
Search
Donations
Site Map
Links
Contact
|
 |
Til ein viss grad
(Tale av
Israel Shamirs på UNESCO-konferansen "Å få fakta på plass".)
Medieverda vart glimrande skildra i Evelyn Waughs roman "Scoopet". Sjølv om
hendingane i boka stort sett utspelar seg i Afrika, plukkar vi ut ei scene
frå Fleet Street. På kontoret til lord Copper, eigaren av Daily Beast, sit
mediebaronen og utanriksredaktøren hans. Innimellom kjem lord Copper med
spørsmål: Er Yokohama hovudstaden i Japen? Er Hong Kong vårt?
Utanriksredaktøren har to sikre svar. Når lord Copper har rett, svarar han "definitivt,
lord Copper". Når han er på jordet, svarar han "til ein viss grad, lord
Copper". Frå "definitivt" til "til ein viss grad" - det er spennet i
hovudstraumen av nyhendeproduksjon i media. Vi journalistar er ikkje
uavhengige. Vi vil gjerne vera ærlege og oppriktige, men må tenkja på
huslånet og jobben. Om vi går over grensene eigarane set, blir vi nøydde til
å sjå oss om etter anna arbeid.
Når det gjeld Palestina, er dette lovlege spennet lite. Eg vil hevda at
grensene er parallelle med det interne spennet i jødisk, israelsk politikk,
frå Meretz til Sharon. Om vi samanliknar med Sør-Afrika før Mandela er dette
det same som kvit politisk tenkjing frå Nasjonalistane til Progressive,
ikkje inkludert ANC. I mine auge er desse råmene eksklusive på grensa til
rasisme. Føresetnaden som ikkje blir diskutert er at den jødiske dominansen
i Palestina skal halda fram. Det er ikkje noko mål at dei opprinnelege
innbyggjarane skal få like rettar, ikkje eingong garantiar om ei trygg
framtid. Du kan stø skiping av palestinske reservat, og såleis plassera deg
i den "liberale" leiren. Eller du kan stø masseutvising og etnisk reinsing,
og bli kalt "hauk". Det er alt som er lov å seia - mellom desse grensene går
det etablerte ordskiftet. Alle som kryssar grensene og stør like rettar før
jøde og ikkje-jøde i det heilage landet vil oppdaga at dei har kome ut i
øydemarka. Røysta di vil bli kvalt, kan henda for godt.
Eg har sjølv fyrstehands røynsler med dette. Eg bur i Jaffa, ein by med
blanda folkesetnad. I byen bur palestinarar, marokkanarar, israelske
ashkenazijødar, russarar - og vi bur saman nokså harmonisk. Men mange folk
som vart fødde i Jaffa bur i flyktningeleirar og har ikkje lov til å koma
tilbake berre på grunn av religion og etnisitet. Eg meiner det er moralsk
umogleg å forsvara at ein jøde frå New York, Paris eller Novosibirsk som meg
sjølv kan busetja seg i Jaffa når han vil, medan ein som er fødd og
oppvaksen her ikkje får lov til å koma heim. Eg tok til orde for at
palestinske flyktningar skulle få lov til å venda heim i Haaretz, den mest
liberale israelske avisa, og mista jobben straks.
Ein ting er veldig spesielt med dekkinga av det som skjer i Palestina. Det
er utvikla eit heilt særeige vokabular for dekninga. Om eg drep Ahmad, vil
det koma meldingar om at "Ahmad vart drepe av ein israelar". Men skulle -
Gud forby - Ahmad drepa meg, ville det bli opplyst at "ein jøde har vorte
myrda".
Som med Dr. Jeckyll og Mr. Hyde kan ein israelar drepa, men om han blir
drepen blir han forvandla til ein jøde. Det er absolutt forbode å snakka om
jødiske drap og brotsverk. Jødane er evige offer. Det ser ofte ut som vi har
tre nasjonar i Palestina: Jødar, israelarar og palestinarar. Israelarar kan
stå bak kriminelle handlingar, men det er uskuldige - alltid uskuldige -
jødar som blir myrda. Om du tek feil av desse orda og referer til mordaren
som "jøde", vil du verta stempla som antisemitt og truleg mista jobben.
Det skulle ikkje vera alt for vanskeleg å skriva om det som skjer hjå oss.
Det er ikkje så komplisert som det som skjer andre stader med konflikter av
verdsinteresse. Retten til nasjonal sjølvråderett inkludert autonomi eller
sjølvstende er ikkje nokon enkel rett å realisera, som korsikanarane kan
fortelja deg om. Palestina burde vera enklare å dekka: Det er ikkje eit
spørsmål om nasjonal sjølvråderett, men om grunnleggjande menneskerettar.
Kosovo? I Kosovo vart albanarane diskriminert og forfølgt av serbiske
styresmakter, men dei hadde alltid teknisk sett rett til å røysta og den
jugoslaviske regjeringa trekte aldri tilbake statsborgarskapen deira. Dei
var andreklasses borgarar langt frå maktsentrum - men likevel borgarar.
Kurdarar i Tyrkia? Dei kan også røysta.
Å dekka det som skjer i Palestina skulle såleis vera enklare, men er det
ikkje. Ein journalist kan skriva og snakka om marginale problem, som dei
jødiske setlarane bortom den grøne lina. Men den grunnleggjande
maktstrukturen som sikrar jødisk dominans i Palestina er det ikkje mogleg å
reisa spørsmål ved. Vi har ikkje lov til å seia noko om at palestinarane
ikkje har røysterett, ikkje rett til å flytta til andre delar av landet sitt
og ingen rett til å venda heim til det einaste landet dei nokon gong har
kjent.
Slik eg ser det er årsakene til media si skeivdekking av palestinarane svært
viktige. Dei fortel svært mykje om maktstrukturane i USA og Europa. Dei gjev
oss unik tilbakemelding frå den løynde verda til mediemagnatane. Likeeins om
korleis "establishmentet" innanfor journalistikken held seg unna denne
verdfulle tilbakemeldinga. Dei er alltid for opptekne av å skriva "definitivt".
Årsaken til skeivdekkinga er openberr. Alt for mange av mediemagnatane deler
ideen om at jødane er meir verdt, og desse medieeigarane er spreidde over
heile kloden. I England har du Conrad Black, han eig faktisk mange avisar i
Canada, USA og Israel. I vårt land eig han The Jerusalem Post. Då han kjøpte
opp den avisa sparka han redaksjonen og tilsette folk som delte meiningane
hans. Han er sionist på høgrefløyen og ein trongsynt støttespelar for tanken
om at jødane er overlegne.
I USA er det fleire av desse enn du greier telja. Men tillat meg å nemna
Mortimer Zuckerman, mediemagnat og for tida leiar for Konferansen for
presidentar i amerikanske jødiske organisasjonar - storebror for alle
jødiske grupper i Amerika. Han er ein av dei rikaste menn i Amerika, han
tente ein formue på spekulasjonar i eigedomsmarknaden og eig det tredje
største "seriøse" amerikanske vekemagasinet, US News og World Report. Han
eig også den populære pleibeitabloiden The Daily News - ein av dei største
på marknaden i New York og New Jersey. Stort sett er avisane hans talsmenn
for at dei brutale marknadskreftene skal få styra. Det er berre eitt unntak,
dei er tilhengarar av generøse årlege subsidiar til Israel frå amerikanske
skattebetalarar. To ex-statsministre i Israel, Netanyahu frå det
krigshissande Likud og Barak frå det såvidt mindre haukeaktige
Arbeidarpartiet støtta Zuckerman då han stilte som leiarkandidat for
konferansen av presidentar for viktige jødiske organisasjonar. På denne sida
av Ku Klux Klan er denne paraplyorganisasjonen av 52 leiarar for amerikanske,
jødiske organisasjonar den mest fordomsfulle forsamlinga i amerikansk
politikk. Haaretz kunne nyleg melda om at Mortimer Zuckerman hadde skilt seg
frå si shiksakone for å få det ærefulle vervet. Så lenge han var gift med ei
ikkje-jødisk kvinne kunne kollegene hans - jødiske milliardærar - ikkje lita
på han. Denne mannen er ein av dei mest sentrale mediaeigarane i USA.
På motsett side av kloden, i Russland, er TV-stasjonar og avisar også eigd
av israelske borgarar. Ein av dei, Vladimir Gusinsky, vart tvinga til å
kvitta seg med TV-stasjonen sin. Men hans ekstremt pro-Israelske redaksjon
vart raskt tilsett av ein annan kanal eigd av ein annan israelsk borgar,
herr Chernoi. I 1985 var Chernoi bankfunksjonær og levde av 100 dollar i
månaden. I dag er han god for 5 mrd. dollar, eig stort sett alle
aluminiumsfabrikkar i Russland og bur i ein fin forstad til Tel Aviv. For
tida er han under etterforsking for 34 drap, pengekvitvasking og medlemsskap
i den russiske mafiaen. Nyleg vart han sitert på at "media er ikkje
forretningar, media er politikk og innverknad". Han brukar sitt eige
mediaimperium til å få all kritikk av Israel i Russland til å stilna.
Eg snakka nyleg med ein ung russisk militærattaché i ein av dei vestlege
hovudstadene. Han fortalde meg: Situasjonen i Israel liknar på vår, men vi
har Tsjetsjenia hundrevis av mil unna, medan de har det rett utanfor døra.
Eg spurde han: Seier du at tsjetsjenarane ikkje har røysterett? Han vart
forundra. Han visste ikkje at palestinarane ikkje har røysterett. Mediene
til Cusinsky, Chernoi og Berezovsky - det er dei tre mektigaste
mediemagnatane, alle israelske statsborgarar - hadde vore nøye med å dyrka
kunnskapsløysa hans.
Du ser det same sjølv i Sverige, som tradisjonelt har støtta palestinarane.
Etter at store aviser vart kjøpt av jødiske entreprenørar har dekninga av
Palestina vorte meir einsidig. Eg veit ikkje om dei nye eigarane måtte be
særskilt om det, eller om sjefredaktørane berre gjetta kva ynskja deira var,
men resultatet vart det same.
Denne internasjonale gruppa av jødiske mediemagnatar, frå Washington til
Moskva, let seg ikkje diktera av israelske interesser. Men støtte til Israel
er ein del av deira dagsorden. På toppen av lista står globalisering og
nyliberalisme; det dei kallar "fridom for marknadskreftene". Når det gjeld
politiske spørsmål har dei ein tendens til å ha mistru til demokrati og
personleg fridom medan dei konstant krev større fridom for dei store
selskapa.
Gjensidig støtte står også høgt på prioriteringslista deira. Då Gusinsky
vart etterforska for underslag av fond, hadde New York Times og Washington
Post, det vil seia Mrs. Kathryn Graham og Mr. Sultzberger, samstundes omlag
likelydande hovudoppslag og leiarartiklar til støtte for "dei uavhengige
russiske media". "Uavhengig" ser ut til å vera eit kodeord for "jødisk-eigd".
Dette burde vekka ettertanke. Då ein egyptisk forretningsmann kjøpte Harrods
i London, vart det ein avisstorm. Overskriftene lyste: "Vår nasjonale arv
blir selt til utlendigar". I Israel tillet ein ikkje at utlendingar eig
aviser. Det var ein rik russisk jøde, Gregory Lerner, som freista kjøpa ei
avis i Israel. Han vart sendt i fengsel i seks år for ulike slag
mafiatilknytt kriminalitet. Før han byrja kjøpa opp avisar var det ingen som
brydde seg om dette. Ein irakisk jøde kjøpte ein avis, og sat kort tid
etterpå i fengsel. Dette er er ikkje underleg: Media er ikkje forretningar,
det er nervesystemet i eit land.
Etter mi meining er tilfellet Palestina mykje viktigare europearar og
amerikanarar, enn berre nok ei sak om urett. For gjennom dekninga ser ein
korleis denne internasjonale gruppa av jødiske mediemagnatar har vorte litt
for mektig. Mi røynsle er at jødiske journalistar kan vera lika objektive
som andre. Faktisk står jødiske journalistar for noko av det beste når det
gjeld Palestina, frå Susanne Goldberg i the Guardian til Gideon Levy i
Haaretz. Men det er enklare å få ein kamel gjennom nålauget enn det er å
finna ein objektiv mediemagnat. Dette problemet kan truleg løysast utan å
ekspropriera media frå dei private eigarane. Men då må media handsamast på
same måte som verdfulle vasskjelder og andre grunnleggjande offentlege
ressursar. Om vi ikkje då ynkjer å sleppa tak i desse avisene og la dei
søkka ned i dei sølete holene til den etniske pressa, og byggja opp eit
fritt pressenettverk frå grunnen av. |
 |
|