The Writings of Israel Shamir
Home
Arabic
Articles
French
Articles
Hungarian
Articles
Italian
Articles
Norwegian
Articles
Polish
Articles
Russian
Articles
Spanish
Articles
Turkish
Articles
Friends
and Foes
Talmud
Translated
Discussion Board
Feedback
Form
Picture Gallery
Search
Donations
Site Map
Links
Contact
|
 |
Mamilladammen
Ting
skjer fort for tida. For berre nokre månader sidan torde me knapt kalla
den israelske politikken med offisiell diskriminering av palestinarane
med det harske ordet "apartheid". I dag, medan Sharons stridsvognar og
rakettar råkar forsvarslause byar og landsbyar, er ordet utilstrekkjeleg.
Det har vorte ei grunnlaus krenkjing av dei kvite rasistane i Sør-Afrika.
Trass alt brukte dei ikkje kanonbåtar og stridsvognar mot dei innfødde,
dei sette ikkje Soweto under militær eld. Dei nekta ikkje for at
kaffirane deira var menneske. Dei jødiske rasistane har gått lengre enn
dei. Dei har som med ein tryllestav ført oss tilbake til verda til Josva
og Saul.
Medan leitinga etter det rette ordet held fram har den modige Robert
Fisk gjort framlegg om å kalla det som skjer i Palestina ein "borgarkrig".
Men er dette borgarkrig, då er det som skjer med lammet på slaktebenken
tyrefekting. Skilnaden i makt er for stor. Nei, Virginia, det er ikkje "borgarkrig",
det er eit snikande folkemord.
Dette er tidspunktet i soga vår, då ein rettskaffen jøde bør veifta med
handduken, ta ordet og seia: "korleis kunne me, dei evige offer for
forfylgjingar, gjera slike brotsverk!" Vel, ikkje hald pusten og vent på
den replikken. Dette har skjedd før, og det kan skje igjen. Jødane er
ikkje meir blodtørstige enn resten av manneætta. Men den galne ideen om
å vera utvalde, ideen om å vera overlegne, same om det er på grunn av
rase eller religion, er den drivande krafta bak folkemord. Om du trur
Gud valde ut ditt folk til å styra verda, om du trur andre er
undermenneske, vil du bli straffa av den same Gud som du utan verknad
kallar på. I staden for å forvandla deg til ein koseleg frosk, vil han
gjera deg til ein morderisk galning.
Då japanarane fekk eit utbrot av denne sjuka i tredveåra, valdtok dei
Nanking og åt levra til fangane sine. Tyskarane, forheksa av det ariske
overmenneskekomplekset, fylte Babi Jar med lik. Som tenkjande lesarar av
Josva og Domarane prøvde pilegrimsfedrane i USA "utvald"-krona og
lukkast nesten i å utrydda dei amerikanske urinnvånarane.
Jødane er ikkje noko unnatak. Utanfor Jaffaporten i Jerusalem (Bab al-Halil)
var det eingong eit lite grannelag som heitte Mamilla - øydelagt av
eigedomsutbyggjarar for berre få år sidan. På staden bygde dei ein
monstrøs "landsby" for dei superrike, nært opp til det plysjkledde
Hilton Hotell. Litt lenger borte er den gamle Mamillagravstaden til
arabiske adelsmenn og Mamilladammen, eit vassreservoar grave ut av
Pontius Pilatus. Medan dei heldt på med utbyggjinga kom arbeidarane over
ei gravhole med hundrevis av hovudskallar og bein. Ved inngangen stod
ein kross og desse orda: "Gud åleine kjenner namna deira". Det bibelske,
arkeologiske tidsskriftet, som vert gjeve ut av den jødiske amerikanaren
Herschel Shanks, prenta ein lang artikkel av den israelske arkeologen
Ronny Reich om denne oppdaginga.
Dei daude vart lagt der til evig kvile i år 614, det verste året i
palestinsk soge før nittenhundretalet. Den skotske forskaren Adam Smith
skreiv i si Historisk geografi for Palestina: "Heilt til våre dagar har
dei forferdelege øydeleggjingane i 614 vore synlege i landet, dei kan
ikkje rettast opp".
I 614 hadde Palestina vorte del av den romerske etterfylgjarstaten, det
bysantiske keisarriket. Det var eit velståande, for det meste kristent
land med velutvikla jordbruk, velfungerande vatningssystem og
forseggjorte terassar. Pilegrimar kom i flokkar til dei heilage stadene,
og det heilage mausoleet og minnesmerket over himmelfarten på Oljeberget
var mellom dei menneskeskapte undra i verda. I øydemarkene i Judea sytte
åtti kloster for liv, der dei samla verdfulle manuskript og baud Herren
bøner. Kyrkjefedrane, St Jerome av Betlehem og Origenes i Cæsarea var
framleis levande minne.
Det var også eit lite, velståande jødisk samfunn mellom dei, for det
meste i Tiberias på kysten av Gallilea. Deira lærde hadde nettopp gjort
ferdig deira versjon av talmud, skriftfestinga av deira tru - rabbinsk
jødedom. Men for lærdom søkte dei helst det jødiske samfunnet i det
persiske Babylonia. I 614 allierte dei palestinske jødane seg med sine
trusbrør i Babylonia og hjelpte persarane med erobringa av det heilage
landet. I tida etter den persiske sigeren stod jødane bak eit massivt
holocaust på heidningane i Palestina. Dei brende ned kyrkjene og klostra,
drap munkar og prestar og brende bøker. Den vakre basilikaen vigd til
fiskane og brødet i Tabgha, Himmelfartsminnet på Oljeberget, St
Stefanskyrkja framfor Damaskusporten og den heilage Sionskyrkja på
tempelfjellet er berre toppen av lista over øydelagde minnesmerke. Berre
få kyrkjer stod att etter øydeleggjingane. Den store Laura av St
Sabaskyrkja, bortgøymd i den botnlause Eldkløfta (Wadi an-Nar) vart
berga av di ho låg så bortgøymd og utilgjengeleg til. Fødselskyrkja stod
att som etter eit mirakel: Då jødane gav ordre om at ho skulle
øydeleggjast nekta persarane. Dei trudde den magiske mosaikken over
dørkvelvinga var eit portrett av persiske kongar.
Denne øydeleggjinga var likevel ikkje det verste brotsverket. Då
Jerusalem overga seg til persarane, vart tusenvis av kristne krigsfangar
førde til området kring Mamilladammen. Den israelske arkeologen Ronny
Reich skriv: "Dei vart truleg selde til høgstbydande. I fylgje nokre
kjelder vart dei kristne fangane kjøpt av jødar for å bli slakta ned på
staden". Eit augevitne, Strategius av St. Saba, var meir direkte: "Jødane
betalte dei persiske soldatane store summar for å få krigsfangane, og
slakta dei med stor glede ved Mamilladammen som vart raud av blod."
Jødane massakrerte 60 000 palestinske kristne berre i Jerusalem. På
heile kloten budde det den gongen truleg ikring 50 millionar - ein
hundredel av i dag. Nokre dagar etter forsto dei persiske kommandantane
omfanget av massakrane og stogga jødane.
Det skal seiast til Ronny Reich sin forteneste at han ikkje freistar gje
persarane skulda for massakrane, slik det vanlegvis vert gjort no for
tida. Han vedgår at "persarriket var ikkje bygt på religiøs tru og var
difor religiøst tolerant". Denne eksemplariske mannen er heilt klårt
uskikka til å skriva i New York Times. Korrespondenten til den avisa i
Israel, Deborah Sonntag, ville ikkje hatt vanskar med å forsvara
massakrane som "ein hemn frå jødisk side for det dei hadde lide under
kristent styre".
Dei kristne palestinarane sitt holocaust i 614 er veldokumentert og du
vil finna det skildra i eldre bøker, til dømes dei tre binda av
Runcimans Historia om krosstoga. Det har vorte sensurert ut av moderne
guidebøker og historieverk. Det er synd, av di ein utan denne kunnskapen
ikkje kan skjøna traktaten mellom Jerusalem og Kalif Omar ibn Kattab som
vart slutta i året 638. I Sulh al Quds, som denne kapitulasjonstraktaten
heiter, kravde patriarken Sofronius, noko den mektige herskaren godtok,
at Omar skulle verna folket i Jerusalem frå dei grufulle jødane.
Etter den arabiske erobringa godtok eit fleirtal av palestinske jødar
bodskapen til sendebodet, på same måte som fleirtalet av palestinske
kristne, sjølv om grunnane var litt ulike. For dei lokale kristne var
islam ein slags nestoriansk kristendom, men utan ikonar, utan
innblanding frå Konstantinopel og utan grekarar (den greske dominansen i
palestinske kyrkjer har vore eit problem for dei lokale kristne heilt
opp til vår eiga tid).
For den vanlege, lokale jøden var islam ei tilbakevending til Abraham og
Moses si tru, i og med dei ikkje kunne fylgja dei intrikate krokvegane
til den nye babylonske trua lell. Fleirtalet av dei vart muslimar og
blanda seg med resten av det palestinske folket. Islam si
tiltrekkjingskraft på jødar stogga ikkje på sekshundretalet. Tusen år
etter, på sekstenhundretalet, femnde ogso dei største andelege leiarane
i det nyskipa sefardiske, jødiske samfunnet i Palestina, Sabbatai Zevi
og Nathan frå Gaza, "nådens lov" som var deira namn på islam. Dei var
etterfylgjarar etter den vidunderlege spanske, mystiske tradisjonen til
Ari, helgenen av Safed Etterfylgjarane deira, kameratane til Atatürk,
berga Tyrkia frå åtaka frå europeiske troppar under fyrste verdskrigen.
Moderne jødar har ingen grunn til å kjenna skuld for brotsverka til
jødar som for lengst er daude. Ingen son er ansvarleg for syndene til
far sin. Israel kunne ha gjort denne massegrava med sitt bysantiske
kapell og mosaikkar til eit liten og meiningsfull minnestad for å minna
borgarane om ei grufull tid i historia til landet og fårene ved
folkemorderiske tankar om å vera overlegen. I staden valde styresmaktene
å øydeleggja grava og byggja ein underjordisk parkeringsplass på staden.
Ikkje ei einaste røyst protesterte.
Dei israelske vaktarane av jødisk samvit, Amos Oz og andre, har
protestert på øydeleggjingane av gamle minnesmerke. Men ikkje gravstaden
i Mamilla. Dei samla inn underskrifter mot at vaktmeistrane på Haram a-Sharif-moskeen
grov ei titommars grøft for å leggja eit nytt røyr. Dei brydde seg ikkje
om at den leiande israelske arkeologen i Haaretz nekta for at
gravearbeida gjekk ut over noko av vitskapleg interesse. Dei skildra
gravinga som "ei barbarisk, muslimsk handling som freista viska ut den
jødiske kulturarva i Jerusalem". Mellom underskrivarane fann eg, til mi
undring og sorg, namnet til Ronny Reich. Ein tek seg i å tenkja at han
burde fortalt dei andre om kven som utsletta minna om den jødiske arven
ved Mamilladammen.
Kvifor synest eg det er naudsynt å fortelja om blodbadet ved Mamilla?
Avdi det ikkje er noko som er fårlegare enn den sjølvrettferdige kjensla
av å vera dei evige ofra, forsterka av einsidig historieskriving. Heller
ikkje her er jødane unike. Eric Margolis skriv i Toronto Sun om korleis
armenarar vart oppeldna av historia om sitt holocaust. Dei massakrerte
tusenvis av sine fredelege aserbaidsjanske naboar på nittitalet, og
dreiv 800 000 ikkje-armenske innbyggjarar på flukt. "Det er på tide å
vedkjenna seg alle grufulle historier her i verda", konkluderer
Margolis.
Sensurert historie skapar eit skeivt bilete av realitetane. Erkjenning
av historiske hendingar er eit naudsynt steg på vegen til sunt vit.
Tyskarane og japanarane har erkjent brotsverka til sine fedrar, har fått
kontroll med sine moralske kjensler og har vorte meir audmjuke folk, til
glede for resten av verda. Vi jødar har så langt ikkje greidd å få
overtak på kjensla av å vera utvalde framfor dei andre, og står difor i
ein utriveleg og fårleg situasjon.
Det er difor ideen om å vera overlegne framleis er med oss, og framleis
ropar om folkemord. I 1982 møtte Amos Oz ein israelar. som fortalde
forfattaren om sin draum om å bli ein jødisk Hitler for palestinarane.
Sakte blir denne draumen til røyndom.
Haaretz trykte her om dagen på framsida ein fatwa, underteikna av ei
gruppe med rabbinarar. Rabbinarane proklamerte at Ismael, dvs.arabarane,
var det same som amalekittane. Amalekittane er i Bibelen namnet på ein
stamme som laga vanskar for israels barn. I soga bed Israels Gud folket
sitt om å utrydda amalekittane fullstendig, medrekna husdyra deira. Kong
Saul fekk oppdraget. Han utrydda dei, men lét vera å drepa dei venaste
ugifte jentene. Denne "feilen" kosta han trona. Plikta til å utrydda
amalekittane er framleis mellom grunnsteinane i jødisk tru, men det er
mange hundre år sidan nokon freista identifisera ein levande nasjon med
den fordømde stammen.
Det finst døme som syner kor fårleg denne fatwaen er. På slutten av
andre verdskrigen indentifiserte nokre jødar, mellom anna den seinare
statsministeren Menachem Begin, tyskarane med amalekittane. Og faktisk
freista ein religiøs sosialist og motstandsmann mot nazistane, Abba
Kovner, i 1945 å gjennomføra eit giftåtak på vassforsyninga til tyske
byar for å drepa "seks millionar tyskarar". Han fekk tak i gift frå
Efraim Katzir, som seinare vart israelsk president. Katzir hevda at han
trudde Kovner "berre" hadde tenkt å forgifta nokre få tusen tyske
krigsfangar. Heldigvis gjekk planen i vasken då Kovner vart stogga av
britiske tenestemenn i ei europeisk hamn. Denne historia vart publisert
i Israel i fjor i ein biografi om Kovner skrive av professor Dina Porat,
leiaren for anti-semittisk forskingssenter på universitetet i Tel Aviv.
På godt norsk tyder fatwaen frå rabbiane at det er di religiøse plikt å
drepa alle arabarar, inkludert kvinner, born og husdyr til siste katt.
Den liberale Haaretz , som både har redaktør og eigar som er skula nok
til å skjøna fatwaen, heldt ikkje att annonsen.
Nokre palestinske aktivistar kritiserte meg nyleg for å ha samband med
den marginale russiske vekeavisa Zavtra og for å sitera den amerikanske
vekeavisa Spotlight. Eg undrar meg kvifor dei ikkje har fordømt meg for
å skriva i Haaretz? Zavtra og Spotlight har aldri publisert oppmodingar
til folkemord, trass alt.
Det vil vera urettvist å velja ut Haaretz. Ei anna viktig jødiskeigd
avis, The Washington Post, prenta ei like sterk oppmoding til folkemord
av Charles Krauthammer. Denne arvtakaren til kong Saul kan ikkje lita på
at lesarane kjenner Bibelen, så han refererer til general Powells slakt
av utslegne irakiske troppar på slutten av golfkrigen. Han siterer Colin
Powells utsegn om den irakiske armeen "fyrst avskjer vi det, og so drep
vi det". For Krauthammer, med sine nøye utvalde sitat, kvalifiserer
dungar med drepne arabarar ikkje til det menneskelege pronomenet "dei".
Dei er "det". I den siste fasen av golfkrigen vart store mengder
flyktande og avvæpna irakarar slakta med kaldt blod av det amerikanske
flyvåpenet, og kroppane deira gravde ned av bulldozarar i ørkensanden i
store og namnlause massegraver. Talet på drepne er rekna til mellom
hundre tusen og ein halv million. Gud åleine veit namnet deira.
Krauthammer vil ha ein reprise i Palestina. "Det" er alt avskore, og
delt i sytti bitar av den israelske armeen. No er alt klart for det
store drapet. "Drep det", ropar han med stor intensitet. Han må vera
redd for at persarane nok eingong skal stogga blodbadet før
Mammiladammen er full. Hans redsle er vår von. |
 |
|