The Writings of Israel Shamir
Home
Arabic
Articles
French
Articles
Hungarian
Articles
Italian
Articles
Norwegian
Articles
Polish
Articles
Russian
Articles
Spanish
Articles
Turkish
Articles
Friends
and Foes
Talmud
Translated
Discussion Board
Feedback
Form
Picture Gallery
Search
Donations
Site Map
Links
Contact
|
 |
Fiesta of St. Fermin
Då eg
reiste i nord-Spania for ei tid sidan, kom eg til den gamle hovudstaden
i Navarra. I Pamplona feira dei St. Fermin, og tusenvis av aficionados
fyllte dei tronge gatene inn mot den kjende tyrefektararenaen. Det var
også mange utlendingar som fylgde i Hemingways fotspor. På morgonen var
det unge gutar på arenaen med dei unge oksane, dei konkurrerte i fart og
eleganse. Det var ei spanande framsyning, full av adrenalin, men ikkje
noko blod. På kvelden var det annleis. Då sloss vaksne menn med vaksne
oksar; store, kolsvarte dyr med skarpe horn og fart som eit hurtigtog.
Kvar av dei vog over eit halvt tonn, kvart gram fyllt med det resolutte
sinnet til ein terrier.
Tribunane over arenaen er delte i to ulike seksjonar, med særs ulike
tilskodarar. I Sombraseksjonen applauderer overklassen framsyninga
høfleg. Dei er viktige folk, og matadoren gjer sitt beste for å syna dei
kunsten sin. I Solseksjonen sit vanlege folk under det intense
pyreneiske solskinet. Dei kjem i humør ved å tøma sangriaflasker, dela
heimelaga mat med framande og syngja St. Fermins song. Dei elskar også
tyrefekting, med det skjer lite på deira side av ringen.
Matadoren arbeider utruleg nært oksen, han skifter berre så vidt på kva
fot han har vekta på for å koma unna dei dødelege horna. Hadde det ikkje
vore for at dyret forstår så lite av det som skjer, ville eit menneske
ha små sjansar til å overleva kampen med oksen. Men oksen vert fascinert
av det raude kledet - muleta - som matadoren held framfor han. I staden
for å gå etter matadoren, går han etter kledet. Mot slutten, sliten av
det bortkasta slitet, motlaus av alle dei mislukka åtaka mot kledet som
berre forsvinn, stod oksen stille. Han bøygde nakken og venta på det
nådefulle stålet.
Tyrefektinga er ein god metafor for den fruktlause kampen for
borgarrettar i Palestina. Dei jødiske busetnadene midt i områda der
palestinarane bur er som det raude kledet. Busetnadene plagar oss, av di
dei øydelegg den bibelske venleiken til høglandet. Dei plagar oss avdi
dei er synleg urettferdige, sidan dei er opne berre for jødar medan
goyimar ikkje eingong kan koma til grensene deira. Dei plagar oss avdi
dei er årsaka til separate berre-for-jødar-vegar. Dei plagar oss på
grunn av den provoserande framferda til busetjarane, som gjer sitt
verste for å audmykja sine ikkje-jødiske grannar. Dei plagar oss, avdi
dei riv opp oliventre og i staden byggjer stygge, prefabrikkerte hus. Så
vi går til åtak på dei, medan matadoren flytter seg, og dei viktige
folka over klappar.
Lat oss for ein gongs skuld leia raseriet til oksen bort frå den
distraherande og plagsame muletaen. Å setja busetnadene i sentrum er ei
villeiing. Kva tid som helst kan du, jamvel i jødiskkontrollerte aviser
som Haaretz eller New York Times, få på prent kritikk av dei ulovlege
busetnadene - om du stoggar med det. Men det er ein mann bak det raude
kledet. Og det er folk som har sendt han for å slåss med oksen.
Matadoren er staten Israel. Ingen busetnad ville overleva ein dag utan
den israelske krigsmaskina bak seg. Når dei innfødde innbyggjarane i
Hebron vert stengde inne i heimane sine i månadsvis, vert portforbodet
handheva av den israelske hæren, ikkje av dei fire hundre jødiske
busetjarane. Men det er ein ting til: Det er ein mann i Sombraseksjonen
som har makt over matadoren. Israel ville ikkje vore i stand til å
utføra slike valdsdådar utan stønad frå utlandet.
Maxim Rodinson, ein kjend fransk marxist og ein av Muhammeds biografar,
definerte Israel som "ein settlerstat" - ein koloni. Men alle
settlarstatar har eit moderland, ei kjelde til ytre makt. Fransk Algerie
vart busett og støtta av Frankrike. USA var ein settlarstat, med England
som moderland. Kva slags ytre makt er det som støttar Israel? Kvar er
moderlandet? Det er ikkje USA. Det er konstellasjonen av viktige jødiske
samfunn med det amerikanske, jødiske samfunnet som det viktigaste.
Dei sender pengar og organiserer offentleg stønad og dei har innverknad
på politikken til staten Israel. Dei er synleg meir haukar enn Sharons
Likud. Den angerlause "Rabbi" Kahane er truleg av dei som står nærast
hjartet til Israels støttespelarar i USA. Tendensen til at jødar i andre
land er "meir israelske enn israelarane" vart godt skildra av Uri Avneri,
og har mange årsaker. Her vil eg berre nemna ei: Dei får ingen slag
tilbake på grunn av det dei gjer. Dei sit i skuggen og sender matadoren
ut for å slåss.
Dei som sender israelske troppar for å stramma inn innringinga av Hebron
og andre palestinske byar, lever fredelege liv i New York eller Los
Angeles, ser på TV og legg press på kongressmennene sine for å stø
nedslaktinga. Desse folka, som vil ha fleire krigsbrotsverk mot
palestinarane, har ingenting å vera redde for. Det er kanskje på tid å
leia noko av bråket mot dei. Krigar har ingen ende så lenge dei
viktigaste aktørane lever i fred. Michael L. Calderon minna oss nyleg om
dette: "Franskmennene, amerikanarane og dei kvite sørafrikanarane gav
ikkje opp posisjonen sin i Algerie, Indokina, Namibia og Angola på grunn
av eit kollektivt "meiningsskifte". Alle desse sigrane vart vunne på to
frontar. Den eine var fronten med faktisk krigføring - og folka i
Algerie, Vietnam, Angola og Cuba bar vekta av ofra her. Men den andre
fronten var det internasjonale presset og innanlandsk protest.
Den andre fronten i krigen for Palestina burde opnast no, og vi bør vita
kven vi skal pressa, kven vi skal protestera mot. Etter mi meining
peikar flasketuten på dei sjølvutnemndte leiarane for dei organiserte
jødiske samfunna - Bronfman, Foxman, Sulzberger og liknande folk. Dei er
samvitslause og mektige menn, og eg kan forstå at mange av venene til
Palestina ynskjer å sjå etter mindre formidable fiendar, slike som
busetjarane i Hebron. Men det er like nyttelaust som å sjå etter ein
mynt du har mist under gateljoset, berre av di det er der du har ljos
til å sjå. Ein må sjå etter mynten der ein mist han, jamvel om det er
vanskeleg.
Det har vorte ei oppgåve av fyrste rang å konfrontera dei individuelle
leiarane av det jødiske samfunnet i USA. Kvifor har ikkje dette vorte
gjort før? Det er framleis ein sterk tendens til å ikkje gje desse
leiarane skulda for den palestinske tragedien, og i staden forklara det
heile som "amerikansk, imperialistisk politikk". Til og med ein stor ven
av Palestina som Noam Chomsky, som eg verdset over grensa til
idoldyrking, deler dette synet. Han sa nyleg på ei førelesing på MIT at
den jødiske lobbyen ikkje er årsaken til den pro-israelske politikken
til USA, men interessene til dei amerikanske elitane. Amicus Plato,
magis amica veritas. Eg er nøydd til å seia meg usamd. Mange gode menn
deler synspunktet hans, alle ærlege støttespelarar for palestinarane.
Dei siterer til vanleg "Det lagnadstunge trianglet", eit klassisk arbeid
av Noam Chomsky, eller uttrykkjer dette på liknande vis, slik den flotte
Dr. Gabor Mate. Han skreiv til meg: "Bronfman og kollegaene hans gjer
sitt beste for å forvirra og føra vill publikum - jødar eller
ikkje-jødar. Men jamvel dei er småtteri samanlikna med dei verkelege
amerikanske interessene bak den amerikanske politikken. Det er snakk om
dei strategiske interessene for staten til dei amerikanske storselskapa.
Dei vil ha ein lydig pitbull i Midtausten, med atomvåpen og
tilstrekkjeleg nervøs til å springa i strupen på arabarane på kommando
om det skulle verta naudsynt. Ein slik stat må ogå vera tilstrekkjeleg
avhengig slik at ein kan gje han kort lenkje når det er naudsynt. Som
ein tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet sa for nokre år
sidan: I Israel har vi eit hangarskip i Midtausten som det er uråd å
søkkja."
Går du nøye inn på desse argumenta, ramlar dei saman som korthus. Jamvel
i krig landar ikkje amerikanske fly på dette "hangarskipet". Dei har
basar andre stader som Saudi Arabia og Tyrkia. Kypros vart ein gong
kalla "eit hangarskip som ikkje søkk", men vart gjeve opp med lett
hjarte. Ein bør ikkje snakka for høgt om kor lydig pitbullen er, slik
som våpenleveransane til Kina prova. Det er sterk tvil om Israel er ein
påliteleg alliert. Faktisk snakkar mange israelske leiarar om ein annan
mogleg allianse: Russland og det rike og mektige jødiske samfunnet i
Russland, av di USA er i ferd med å gjera lenkja for kort etter deira
meining.
Nokre forklarar den amerikanske politikken med oljeinteresser. No er det
tilfeldigvis ikkje olje i Palestina, og svært lite i grannelanda. Eg
ville ikkje rå nokon til å planleggja israelsk invasjon i Saudi Arabia
eller Iran for å tryggja dei amerikanske oljeinteressene - det ville få
heile Midtausten til å gå i lufta.
Heile ideen om at Israel er ein "lokal forpost" held altså ikkje vatn.
Eg veit ikkje om eit einaste amerikansk selskap som ikkje ville koma
betre frå til dømes ein allianse med Tyrkia i staden for Israel. Slik
ein palestinsk samfunnsforskar skreiv: "Tyrkia ville til dømes vore ei
betre investering, som ei meir normal regional makt som kan stø
amerikansk politikk i området. Dette ville ikkje eingong kosta
halvparten av det støtten til Israel kostar. Som eit muslimsk land kunne
Tyrkia hatt større legitimitet for å ha hegemoni over "dei veike
arabiske landa". I tillegg var Tyrkia den tradisjonelle stormakta i
området fram til 1917, landet har den største og sterkaste hæren og er
fullstendig pro-USA og pro-vestleg. Med andre ord er konseptet med
Israel som ein servil tenar for amerikansk imperialisme ein idé som
ikkje held.
Edward Herman, som skreiv "Å fabrikkera semje" saman med Chomsky,
tenkjer på same viset. "Den jødiske lobbyen er ekstremt viktig". Eg
skreiv litt om dette, og fekk kritikk frå mange folk på venstresida som
argumenterte med at lobbyen var mindre viktig enn dei strategiske
interessene til USA i Midtausten. Men eg har alltid hatt eit inntrykk av
at lobbyen var minst like viktig. Heldigvis for lobbyen har deira
interesser og dei strategiske interessene ikkje kollidert ope.
Måten ein kan konfrontera den sjølvutnemnde jødiske leiarskapen på kan
vera direkte, kreativ og sjølvsagt ikkje-valdeleg. Eit godt døme fekk vi
frå Berkeleystudentane. Dei bygde to portar inn til universitetsområdet,
ein for jødar og ein for ikkje-jødar, for å gje amerikanarane ein smak
av israelske "vegar berre for jødar". Eg kan tilrå jordhaugar på
innkøyrsla til herr Bronfmann og herr Foxman. Som gode jødar fylgjer dei
sjølvsagt regelen til Hillel den gamle, og gjer ikkje mot andre ting dei
ikkje ville lika å oppleva sjølve. Av di dei støttar blokkering av
palestinske vegar, vil dei sikkert lika å verta utsett for det same
sjølve. Ein annan ting etter same regel: I og med at dei stør illegale
busetjingar ville dei utan tvil lika om bra folk slo seg til på
eigedomane deira.
Eg trur slike sit-ins ville vera artige, og dei ville få med seg mange
gode amerikanarar av jødisk bakgrunn. Det var fedrene deira som
protesterte mot kvit rasisme i sørstatane, og no kan sønene protestera
mot jødisk rasisme i Palestina, utan å måtta reisa ut av byen. I staden
for keisame demonstrasjonar utanfor føderale kontorbygningar, i staden
for fårlege møte med israelske soldatar i høgdene kring al-Khadr, kunne
"ikkje i mitt namn"-folka, Rabbiar for menneskerettar og andre leia
kampen mot den verkelege støttespelaren, heime i det gode gamle USA. Dei
burde gjera dette i samarbeid med andre amerikanske aktivistar, irekna
palestinske flyktningar.
Eit slikt eksperiment ville gje svar på spørsmålet om kva makt den
jødiske lobbyen har over amerikansk politikk og hendingane i Palestina.
Eg trur dette kunne ha stor effekt om ein greidde leggja verkeleg press
på herr Bronfman og hans superrike vener på Sombratribunen for å gjera
slutt på deira anti-palestinske engasjement. Kanskje ville dei
signalisera til matadoren at han skulle senda oksen tilbake til kyrne
sine i staden for til slaktebenken.
Ein slik konfrontasjon ville også hjelpa vanlege amerikanarar av jødisk
bakgrunn med å slåss mot sin sjølvutnemnde leiarskap. Kvifor er det på
tide å gå laus på desse "leiarane"? Vel, ein grunn er at Bronfman og
kompisane hans har putta milliardar av dollar skvisa frå sveitsiske
bankar i eigne lommar, i staden for å gje dei til overlevande frå
holocaust. Det vil vera emnet i den neste artikkelen min.
|
 |
|