Putin ønskjer ein dårleg fredsavtale
Publisert I går kl. 11:13 - 358 visningerInnlegg
Min gode ven Israel Shamir har akkurat hatt eit møte med ein
høgstsåande embedsmann i Kreml. Denne artikkelen gjev godt
innsyn i korleis verda ser ut derifrå:
Israel Shamir: Putin vil helst ha ein dårleg fredsavtale
I februar er det ein lang veg att til våren, klaga poeten Josef
Brodsky. Og sant nok: Snøen fell framleis tungt i Moskva og Kiev
og på dei rullande steppene som utgjer det russisk-ukrainske
grenselandet. Men der blir han farga raud. Soldatar hatar å
sloss på vinteren, når livet uansett er tungt på desse
breiddegradene. Men kampane har igjen teke seg opp i krigsherja
Donbass, og USA planlegg å eskalera gjennom å senda sofistikerte
våpen til Kiev. Trøytte av omlægringa og den endelause
artillerielden lot opprørarane snø vera snø og erobra den
strategiske flyplassen i Donetsk. Denne flyplassen, med sine
tunnellar frå Stalin-tida, eit symbol på solid sovjetisk
forsvarsmakt, var ei stor utfordring for den dårleg utrusta
militsiaen. Dei mange etasjane med undergrunnsfasilitetar vart
bygt for å tola atomåtak. Etter mange månader med kamp greidde
likevel opprørarane å jaga fienden ut av heile anlegget.
I ein større offensiv har dei også fanga Kiev-troppane i ei
lomme ved Debaltsevo. Kiev har allereide bede om våpenkvile.
Opprørarane vonar dei skal kasta fienden ut frå landet sitt
heilt. No held dei om lag ein tredel av Donbass, men den
russiske presidenten trør framleis på bremsa. Han vil heller ha
ein dårleg fredsavtale enn ein god krig. For han er Ukraina
viktig, men ikkje det einaste problemet i verda. Denne haldninga
deler han med den amerikanske leiaren. Men det er ein stor
skilnad: Russland vil ha eit fredeleg Ukraina, medan
amerikanarane vil ha krig.
Russland ville helst hatt eit Ukraina som var sameint, føderalt,
fredeleg og velståande. Det er ikkje freistande å kløyva Donbass
frå resten. Donbass er nært knytt til resten av Ukraina, og det
er ikkje enkelt å hogga over banda. Krigen har allereide sendt
millionar av flyktningar frå Donbass og rest-Ukraina til
Russland. Der overlessar dei ulike system. Putin kan ikkje
skjera seg fri og gløyma Donbass – folket her i Russland ville
heller ikkje tillata noko slikt. Han er ein forsiktig mann, og
ønskjer difor ikkje å gå inn i ein open krig. Difor må han
navigera i retning ein eller annan type fred.
Eg hadde nyleg eit møte med ei høgt plassert, velinformert
russisk kjelde som delte sine tankar med meg mot løfte om
anonymitet. Sjølv om Vesten er sikre på at Putin ønskjer å
gjenskapa Sovjetunionen freista Putin faktisk å gjera alt han
kunne for å redda Ukraina frå disintegrasjon fortalde mi kjelde.
Dette gjorde Russland for å sikra fred i Ukraina:
+ Russland støtta den avtalen vestlege statar fekk til gjennom
mekling 21 februar 2014, men dagen etter fekk USA pressa
igjennom eit kupp. USA hadde med Obamas ord «mekla fram ein
avtale for ei overgangsregjering i Ukraina».
+ Etter kuppet bøygde ikkje det søraustlege Ukraina seg for den
nye regjeringa i Kiev og erklærte seg uavhengig. Likevel bad
Moskva opprørarane om å ikkje arrangera folkerøysting i mai (dei
følgde ikkje denne oppmodinga frå Putin).
+ Moskva anerkjente resultatet av valfarsen som regimet i Kiev
arrangerte i mai etter kuppet, og anerkjente Porosjenko som
president for heile Ukraina – sjølv om det ikkje vart halde val
i søraust, og sjølv om opposisjonspartia ikkje fekk lov til å
delta.
+ Moskva gav ikkje offisiell anerkjenning av valresultata i
Donbass i november, noko som mange russiske nasjonalistar
reagerte sterkt på.
Alt dette var upopulært i det russiske samfunnet, men Putin
gjorde alt dette for å leggja til rette for ei fredeleg løysing
i Ukraina. Nokre krigsglade leiarar i Donbass vart overtalt til
å leggja inn årene. Men alt var til inga nytte: Putins
handlingar og intensjonar vart oversett av USA og EU. Dei
oppmuntra i staden krigspartiet i Kiev. Som kjelda mi sa det:
«Dei har ikkje funne ein einaste feil med regimet i Kiev,
uansett kva dei gjer.»
Han meinte også at fred i Ukraina er innan rekkevidde – gjennom
føderalisering. Difor er dei to viktigaste parametra i
Minsk-avtalen (mellom Kiev og Donetsk) dei vi aldri høyrer om:
Konstitusjonelle og sosio-økonomiske reformar. Russland ønskjer
å sikra den territorielle integriteten til Ukraina (minus Krim)
men dette er berre mogleg gjennom ei føderalisering av landet
der alle regionane får noko autonomi. I vest og i aust snakkar
ein ulike språk, dyrkar ulike heltar og har ulike mål for
framtida. Dei kan berre klara å halda saman om Ukraina blir ein
føderal stat, som USA, Sveits eller India.
I Minsk vart partane samde om å etablera ein sams kommisjon for
konstitusjonelle reformar, men regimet i Kiev vende ryggen til
avtalen. I staden laga dei ein liten konstitusjonskomite i Rada
(parlamentet) som arbeidde med hemmelege framlegg. Dette vart
fordømt av Venezia-kommisjonen, eit rådgjevande organ i
konstitusjonelle spørsmål. Folk i Donetsk godtok det heller
ikkje – det var ikkje dette ein hadde vorte samde om i Minsk.
Når det gjeld spørsmålet om integrasjon vart det avtalt i Minsk
å gjenintegrera Donbass i Ukraina. Dette var eit vonbrot for
folk i Donbass (dei ville føretrekt Russland), men dei
aksepterte det. Så omlægra Kiev Donbass, kutta sambandet med
bankane der, slutta å kjøpa kol frå Donbass, stogga pensjonane.
Dagleg let Kiev-troppane det regna med granatar over Donetsk –
ein millionby (i fredelege tider!). I staden for amnesti for
opprørarane slik det vart avtalt i Minsk kjem det stadig nye
regjeringsstyrkar austover.
Russarane gav ikkje opp Minsk-avtalane. Desse avtalane kan føra
til fred, men då må dei gjennomførast. Kanskje ønskjer president
Porosjenko i Kiev å gjera dette, men krigspartiet i Kiev og
deira vestlege støttespelarar vil kasta Porosjenko om han går
for langt i denne retninga. Paradoksalt nok er krig den einaste
metoden for å pressa han til fred. Men Russland ville heller
sett at Vesten la press på klientane sine i Kiev. Opprørarane og
deira russiske støttespelarar brukte krigføring for å pressa han
til å skriva under Minsk-avtalen. Offensiven mot Mariupol ved
Svartehavet var svært vellukka, og Porosjenko valde å dra til
Minsk framfor å mista Mariupol. Sidan då har Kiev og Donetsk
hatt nokre våpenkviler, dei har utveksla krigsfangar, men Kiev
har nekta å gjennomføra dei konstitusjonelle og sosio-økonomiske
reformane som Minsk-avtalen krev.
Det gjev ikkje meining å halda våpenkvile om Kiev ikkje brukar
han til anna enn å omgruppera for nye åtak. Våpenkvila må føra
til konstitusjonsreform sa mi kjelde – ein reform forhandla fram
i open og transparent dialog mellom regionane og Kiev. Utan ein
slik reform vil Donbass (eller «Novorossia») gå til krig. Slik
sett kan operasjonen ved Debaltsevo sjåast på som ein metode for
å pressa Porosjenko til å be om fred.
Kjelda mi slo fast at Russland korkje har tenkt å bli med i
krigen eller i fredsforhandlingar. Russarane har tenkt å halda
seg utanfor – medan USA held fast på at Russland er part i
konflikten.
I mellomtida har det russisk-amerikanske hopehavet falle tilbake
40 år, til tida for Jackson-Vanik-lova. «Ukraine Freedom Support
Act» er like fiendtleg. Den amerikanske utanriksministeren John
Kerry sa dette var ei uheldig utvikling, men at dette berre var
mellombels. Russarane er ikkje like optimistiske. Dei ser at dei
antirussiske sanksjonane med dette har fått lovs form. USA
freistar å snu andre statar i antirussisk retning, og lukkast
delvis. I eitt slag eliminerte kansler Merkel alle
organisasjonar, strukturar og band som har vorte bygt mellom
Tyskland og Russland gjennom mange år. Kvar gong Joe Biden kjem
på vitjing kjem ei ny omdreiing av spiralen.
Russarane er opprørte på grunn av historia med Boeing-flyet frå
Malaysia. I alle møte på høgt nivå med amerikanarane minnar dei
om dei hysteriske skuldingane: At flyet vart skote ned av
opprørarane med russiske rakettar. Enno har ikkje amerikanarane
kome med eitt einaste prov på at Russland og/eller opprørarane
var innblanda. Dei har ikkje lagt fram foto frå dei satellittane
dei hadde over området, heller ikkje data frå AWACS-flya dei
held i lufta over Aust-Europa. Mi kjelde fortalde at høgståande
amerikanarar ikkje lenger insisterer på at russarane/opprørarane
var innblanda. Men dei nektar plent å be om orsaking for
tidlegare, grunnlause skuldingar. Dei seier aldri «orsak».
Likevel ønskjer amerikanarane å spela ball. Dei insisterar på at
dei ikkje er ute etter russisk «overgjeving», at dei synest
konfrontasjonen er kostbar og uvelkomen, at USA treng russisk
støtte for å handtera det iranske atomprogrammet. At dei treng
russisk hjelp til å fjerna dei kjemiske våpna i Syria, til å
løysa det palestinske problemet. Men russarane svarar at dei har
høyrt alt dette før under Libyakrisa – og at dei ikkje let seg
imponera.
Meiningsskilnadene mellom Russland og USA er store på om lag
alle område. Det er ein raud tråd: Frå Syria til Donbass ønskjer
Russland fred, medan amerikanarane pressar på for krig. Nyleg
inviterte Russland folk frå opposisjonen i Syria for samtalar i
Moskva. Dei kom, dei snakka, og så reiste dei. Dei vil koma
tilbake igjen. Dei kunne truleg kome fram til ein avtale, men
USA sine representantar slo fast at dei aldri vil gå med på ein
avtale som inneber at Bashar Assad held fram som president. Dei
vil sloss til siste syrar for å få han avsett. Problemet er
ikkje at amerikanarane er blodtørstige. Men krig gjev god
meining for USA. Kvar einaste krig på kloden er støtte til den
amerikanske dollaren og gjev liv til Dow Jones sidan det finst
kapital på jakt etter ei trygg hamn – og som finn denne hamna i
USA.
Dei tenkjer ikkje på lagnaden til syrarar som flyktar til Jordan
– eller ukrainarar som flyktar til Russland i større og større
tal. For ei skam for to fantastiske land! Syria var fredeleg og
velståande, ein diamant i Midt-Austen heilt til landet vart
øydelagt av dei USA-støtta islamistane. Ukraina var den mest
velståande delen av Sovjetunionen før landet vart ruinert av dei
USA-støtta oligarkane og høgreekstremistane.
Då Ukraina erklærte seg uavhengig av Russland i 1994 spådde
Josef Brodsky at dei omskiftelege ukrainarane framleis ville
minnast russisk poesi i sin dødstime.
Profetien hans er i ferd med å bli oppfyllt.
|